Nybygd spissbåt til Skårøya

Det er ikkje mange gjester på Skårøya om vinteren, men arbeidet for å gjera leirstaden stadig betre kviler ikkje! Når lokala står tomme, går det føre seg mykje arbeid med oppussing og byggjearbeid, planlegging og stell av båtar og inventar.

     

Denne vinteren har vi fått levert ein heilt ny spissbåt, bygd av båtbyggjaren Willy Eide på Ansnes. Vi troppa opp i snekkarlåven hos han ein kald vinterdag og fekk ta nybåten i augesyn og slå av ein prat med den trivelege handtverkaren vi samarbeider med.

Eide har sett spor etter seg som båtbyggjar i regionen gjennom mange år. Han seier at dei siste åra er det gått mest i reparasjonar og vedlikehald på båtar, og nikkar ned mot sjøen: «Det ligg nokre slike prosjekt på vent her akkurat no, òg. Det er nok å gjera.»  

Men han fortel at han ein periode på fem års tid budde heime og dreiv med å byggja mindre båtar. Då kunne det fort bli produsert 40-50  båtar i året!

«Var det båtar som dette?» undrar dagleg leiar Synnøve Aukan.  «Tja, av denne typen, absolutt. Med og utan segl eller dette hundrommet som denne båten har», peikar han. Midt i båten er det dobbel tofte med eit lite rom mellom – hundrommet. «No har jo de bede om å få nokre tilpassingar som passar leirskulebruken, som desse toftene heilt frammi og baki i staden for å berre ha fotstø, men elles er det kopi av den båten de leverte inn som mal her.» Det er vår gamle båt nummer tre som har stått modell for nykomlingen.

Båten har fin form til å gli godt i vatnet. Leirskulelærar Knut Mauseth går rundt båten og drøymer, særleg når det blir snakk om båtane som hadde segl. «Korleis skulle det plasserast, om eg ville ha ein sånn båt med segl?» spør han, og vi ser at det speler seg av mange timar i seglbåt på havet bak augo når han ser det for seg.  Leirskulelærar Line Brendberg går rundt i båtverkstaden og tittar på emnelager, verkty og kjølen som er strekt til endå ein ny robåt som leirskulen skal få overlevert seinare.

«Det er veldig stas,» seier eigar og styreleiar Johannes Fjeldvær. Vi har jo kjøpt brukte båtar for det meste etter kvart som vi har utvida. «Nybygg trur eg mesta ikkje det har vore snakk om sidan 80-talet!»   Han  rekkjer over ei gåve til båtbyggjaren, og overleveringa blir stadfest med handslag før karane tek til å skyva båten ut av låven og ned på tunet der hengaren står. Heldigvis ligg eit lag nysnø på bakken og gjer det lettare.

No skal Johannes ta nybåten heim til naustet og gje han strok på strok med Møretyri og deretter botnsmøra han før han blir sjøsett til våren – til glede for nye leirskuleelevar i mange år frametter!